torsdag 29. april 2010

Regn og vind

I dag er yngstemann 16 år,
utruleg kor tida går.
Hadde planar om å heise flagget,
men med mykje vind og regn forandra den planen seg.
Pus kosar seg inne,
er snar å legge seg i ei seng, hvis ho får anledning til det.


Ellers har eg avreagert frå bunadsaum
med å strikke eit par labbar.
Fekk ein del reste-labbegarn hos mor mi,
då er det kosestund å sette ihop fargar.
Strikka to omgangar ensfarga og to omg melert garn.
Er ikkje heilt fornøgd med hælen,
strikkar den alltid litt for kort.
Skal nok bli betre på det etterkvart ;)

Ha ein kjempefid dag.



søndag 25. april 2010

Det var det :)

No er maljedukane sydd på.
Har lagt eit lyst stoff inni vesten, på prøvedokka,
litt betre å sjå detaljane enn med burgunder bakgrunn.


Beltet er det einaste her som ikkje er heilt tilpassa.
Må gjerast når jenta har bunaden på.


Lommen har fått plass, hektast i skjørtelinningen.


Beltebandet rekk heilt ned på banda nede på skjørtet.


Vips...no er den ferdig :))

Var litt vemodig å levere den ifrå seg.
Men mottakar er fornøgd,
og det er det viktigaste.


Ha ein kjempefin dag vidare.


fredag 23. april 2010

Fortsettelse


Andre kapittel i bunadprosjektet mitt :)
Nevnte det ikkje i forige innlegg,
men bunaden er ikkje til meg.
Den er bestilt til ei som skal konfirmerast no i mai.
Her er brodert lomme som skal henge i beltet på bunaden.


Underskjørt med svarte fløyelsband nede langs kanten.


Har brodert maljedukar til vesten.



Vesten har flotte handvevde ( ikkje vevd av meg )
band i ryggen-



- og på framstykket.

Nok for denne gang.
Bilder av ferdig bunad kjem i neste innlegg.

Det er ein del rot i bakgrunnen i bileta.
Har innstalert meg i eit lite brukt soverom so lenge,
i påvente av ein anna plass å ha alt sy-styret mitt på.
Har noko på gang på det området...


Ynskjer deg ei strålande helg.


søndag 11. april 2010

Sunnfjordbunad

I vinter har eg brukt mykje av fritida mi til bla. bunadsaum.
Det er første gang eg lagar heile bunaden sjølv.
( ikkje skjorte )



Etter å ha brodert kanten nede på stakken,
skal det påsyast grønt stoff nede,
og handvevde band langsetter.


So er der å rekne ut størrelsen på foldene.
Ca 3,5 m vidde skal fordelast til 60 folder.
Har heldigvis ei dame her i nærleiken som er tolmodig,
og viser meg korleis dette skal gjerast.

Her er alle foldene tråkla,
klar til pressing.

Fortsettelse følger :)

Ha ein flott søndag vidare.











onsdag 7. april 2010

Vårteikn


For ei veke sidan,
kom eg over dette flott vårteiknet.
Den stod i grøftekanten og strekte seg mot sola.


Det er vel eit vårteikn dette og,
skjora er begynt å bygge reir.
Utanfor kjøkkenet, held to skjorer på
å gjere klart til egga skal leggast.
Eg har vore tilskodar frå kjøkkenglaset,
fin måte å prøve ut det nye kameraet mitt på.
( no slepp eg å bruke mobilen som kamera )


Ikkje at eg gler meg til egga blir klekt,
det er mykje bråk når skjora skal til å mate ungane sine.
Men det er fasinerande å sjå kor dei strevar med å hente kvistar,
og få dei på plass, og reiret tek form.

Ha ei flott og vårleg veke vidare.



søndag 4. april 2010

Påske

Før påske kjøpte eg eit fargerikt stoff,
hadde lyst på ein tunika i friske og vårlege fargar.
Rakk selfølgeleg ikkje å sy noko før påska satte inn,
men fredag tok eg fram symaskina, og sette i gang.
Fann ut det blei for mykje med berre det mønstrete stoffet,
og fann noko svart i liknande kvalitet frå stofflageret mitt.
So fekk eg bruke litt av det og :)


Som so mange ganger før,
greidde eg å klippe den altfor stor.
Men etter å ha sydd nokre biser frå halsen og ned,
både framme og bak,
vart eg nøgd.

Laga den litt sidare bak,
med planar om å klippe den jevnare seinare,
hvis eg ikkje likte det.
Noko eg merkar, etter å ha brukt den eit par gangar.

Har hatt dotter vår heime på påskeferie frå Oslo.
Det har vore nokre kjekke dagar.
Vi har gått turar, hatt kreative dagar med symaskina,
vore på dans, sett filmar og mykje meir:)
I kveld reiser ho til Oslo igjen,
til nye veker med skulearbeid.

Ha ein flott påskedag :)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...