lørdag 18. januar 2014

Gensaren passa ikkje..

Dotter vår kom heim med ein gensar ho hadde kjøpt, 
men som ikkje passa likavel.
Då den ikkje passa til meg heller, måtte vi gjere noko anna med den.
Tok med gensaren i sybrakka mi,
 fann fram nokre gamle julegardiner,glidelås og ei innerpute..
Beklager dårleg bilde, men i farten blei det slik,
har dårleg tolmodigheit når det gjeld fotografering :-)



..Etter ei stund var gensar og gardin blitt sofapute.
Sydde først ei innerpute med glidelås av den røde gardina.
Og deretter sjølve putetrekket av gensaren,
der sette eg glidelås i kanten.
Greit å kunne ta av for vask eller utskifting.
Gløymde å ta bilde av ferdig pute,
men jenta tok bilde av den då ho kom til Bergen igjen etter juleferien.
Passa fint med rød pute attmed det kvite teppet eg strikka til henne for nokre år sidan :-)



tirsdag 7. januar 2014

Ugler i mosen..

I haust fekk eg spørsmål om å hekle ei uglehue.
Etter litt studering av bilder og prøvehekling blei det hue til slutt.


Denne er str ca åtte mnd.
Den har fått blomst med pynteknapp i til pynt.



Denne er litt mindre i str.
Ser no etter bildetaking at auga er sett skjeivt på,
noko som er ordna på i ettertid.



Har hekla dei i dobbel Baby ull.
Artig arbeid, kanskje det blir laga fleire, 
om timane strekk til..



Opp under jula blei det hekla lykter som smågaver.
Desse har eg hekla av hyssing og pynta med sinkstjerner.




søndag 5. januar 2014

Frå kåpe til jakke.

Fekk i oppdrag å sy om ei avlagt kåpe.
I staden for å kaste skulle den bli eit `nytt`plagg.
I iveren i å begynne på prosjektet, gløymde eg å ta `før`bilde..
..men denne kåpa på bildet er noko liknande i fasong som den eg skulle fikse.




Forminska kragen og knepping frå dobbelknepping til enkel.
Sydde nokre grønne store sting på kragen,
 og sette på ein grøn knapp øvst i halsen.



På eine lommen sette eg på ein glidelås, 
greit med ein lomme til mobil mm som kan lukkast.



Som pynt blei det ein glidelås på eine ermet,
 og grøn kant nede på ermene.



Kåpa blei klipt av i lengd,
sydd inn og laga innsnitt i ryggen tilpassa eigaren .
Det grønne feltet i ryggen er sydd på med store korssting i innsnitta,
som er sydd utanpå istaden for skjult.



Eit bilde av framsida.

Jakka er godkjent av eigaren, og komt i bruk.
 




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...